Carpe diem – grip dagen. Eg hugsar første gong eg høyrde dette uttrykket. Eg hugsar ikkje kva tid eller kor det var. Eg hugsar berre at eg syns det var eit flott uttrykk. I dag blir det brukt av så mange i så mange slag samanhengar. Dei unge vil kanskje sei at det er utdatert. Nå er det YOLO som gjeld – you only live once. Det går kanskje ut på litt det same.

YOLO eller Carpe diem – er dette eit motto det er verd å ha i livet? Om det betyr at eg lever fullt og heilt her og nå i staden for berre å lengta tilbake til det som var, eller berre venta på det som kjem, kan uttrykket vera meiningsfylt.

Men eg trur det går an å gripa dagen i dag og samstundes gleda meg over og læra av det som ligg bak. Det går an å gripa dagen i dag og samstundes leggja planar for dagane som kjem. Ja, takk begge deler, sa Ole Brumm. Det kan vi og seia; ja takk til å gripa dagen i dag, men også ja takk til å både å sjå bakover og planleggja framover. Eit årsskifte er ofte tida for akkurat det.

Som andels- og blomsterbonde er det viktig å sjå tilbake på året som gjekk, evaluera kva som gjekk godt og kva som gjekk gale. Sist veke skreiv eg mellom anna årsmelding for Anda andelsgard. Ikkje alt som gjekk gale kunne me gjort noko med, ver og vind kan me ikkje styra.

Eit årsskifte er også tida for å planleggja året som kjem, gjerne med bakgrunn i evalueringane av fjoråret. Denne veka bestiller eg frø, både til blomar og grønnsaker. Når me legg planar framover, kan me heller ikkje styra ver og vind eller andre uføresette ting som måtte koma i vår veg.

Midt i planlegging og tilbakeblikk, treng ein i blant å la humla suse. Sjølv om det er lite humler på denne tida av året, prøver eg å la humla suse litt innimellom. Midt i frøbestillingar, køyring av både den ein og den andre, og anna førefallande arbeid i heimen har eg i går og i dag tatt eg meg ein tur ut i det kalde, fine vinterveret. Eg gjekk tur langs vatnet som nå er dekka av tjukk is. Det var vindstille og sol. Då kulda sette inn for ei tid tilbake, var det ikkje vindstille. Bølgje etter bølgje slo mot land, og litt etter litt vart alt i vasskanten dekka av is. Eit strå blei til ei vakker issøyle. Ei vissen grein var blitt ein vakker isskulptur. Nå er vinden stilna, og med kan berre nyta alt det vakre før det plussgrader og isen smeltar.

I ein kulp som ikkje var frosen til, sumde fleire stokkender så stille rundt, vakre fargar, harmoni, fred og ro. Eg blei ståande nokre minutt for å nyta det vakre og kjenna på freden og roen som synet av desse endene i kaldt vinterver gav meg.

Vel heime kunne eg halda fram med å gripa dagen med å planleggja for dagar som kjem. Kva for blomar skal eg bestilla i år og kor mykje av kvar sort? Kor får eg best pris på det skal handle? Eg gler meg til året som ligg føre, til å få pakke i posten med frø i, til å så, til å sjå det spira, til å luka, til hauste grønnsaker, plukka blomar og binda bukettar. Og eg gler meg til møte med menneske i året som kjem, kjende og ukjende.

Samstundes som eg gler meg til dagar som kjem, vil eg prøve å ta i mot kvar dag som kjem som ei gåve, som eg kan ta i mot og gripa. Eg er sikker på at eg ikkje klarer det alle dagar, nokre dagar vil ein helst bli ferdige med. Kanskje kan me også gripa dagane som kjem på ein måte som gjer dagane litt betre ikkje berre for oss sjølve, men også for dei menneska me møter på vår veg.