Andel

Kva er andelslandbruk?

Å driva andelslandbruk vil seia at bonden deler jorda, arbeidet med jorda, utgiftene og grøda med andre. Andelshavaren betaler for sin andel av det som blir dyrka. Bonden har hovudansvaret for drifta på garden; for planlegging, innkjøp, såing, planting, ugrasreinhald og alt det andre som følgjer med det å dyrka mat. Andelshavarane deltek på nokre dugnader. Ein dyrkar mange forskjellige slag grønnsaker som er klare til å haustast på ulike tider av året. Om avlinga vert god, får andelshavarane glede av det, og er avlinga dårlegare, deler andelshavarane denne risikoen med bonden. 

Andelshavaren betaler for sin andel av det som blir dyrka.

Pris og dugnad

For 2021 er prisen per andel på Anda andelsgard 3 000 kr inkludert mva. I tillegg kjem ei innmeldingavgift på 350 kr første året ein er andelshavar. Kvar andelshavar må også bidra med 8 dugnadstimar kvart år. Bonden set opp faste tider for dugnader, gjev beskjed kor mange som trengs til dei ulike dugnadane og styrer kva som skal gjerast på kvar dugnad. Som løn for andelsprisen og innsatsen får andelshavarane kvar veke i innhaustingsperioden kome og hauste sin andel av dei grønsakene som er klar til å haustast.  

Innhausting

Bonden legg kvar veke i innhaustingsperioden ut ei haustemelding til andelshavarane der det står kva og kor mykje som kan haustast denne veka. Andelshavaren kjem så i løpet av veka og haustar når det måtte passa dei best.

Bli andelshavar

Ta kontakt om du vil bli andelshavar, eller dersom du ønskjer å vite meir om kva dette inneber.

Klikk her