Dugnad

 

Dugnad er sosialt og kjekt! Du får nærkontakt med jorda og møter  andre som er med. Du får vera med i dyrking av grønsakene som du seinare skal hausta og eta. Dugnad er også nyttig og nødvendig for drifta av andelsgarden.

Andelshavarane deltek på 4 dugnader, totalt 8 timar, gjennom sesongen. Kvar andelshavar held sjølv oversikt over kor mange timar dei har vore med. På våren er ein med på såing og utplanting. Seinare skal det lukast og ryddast opp etter innhausting.

Me kallar inn til og organiserer dugnadane. Dugnadane vil vera på ettermiddagar midt i veka, og føremiddagar laurdagar.  Det vil koma informasjon etter kvart om kva som skal gjerast og kor mange som trengs til dei ulike dugnadane. Når vi er i gang vil andelshavarane kunna logga seg inn og skriva i kalenderen kva tid det passar å vere med. 

Bli andelshavar

Ta kontakt om du vil bli andelshavar, eller dersom du ønskjer å vite meir om kva dette inneber.

Klikk her