Om oss

Anda andelsgard og blomstergard

Anda andelsgard og blomstergard ligg på eit småbruk på Anda i Klepp kommune. Garden ligg sentralt på Klepp stasjon. Garden ligg ein kort gåtur frå togstasjonen. På ein halvtime kan du reisa hit kollektivt frå Stavanger i nord eller frå Ogna i sør – sentralt og landleg.

Randi Klingsheim Bø og Tormod Bø eig garden som me overtok etter far til Randi. På garden er det ein katt, hobbygeiter og nokre hobbyhøner. I tillegg har ein birøktar bikubene sine her om vinteren og forsommaren.

Med ein kvardag som lærar og rekneskapsførar er me glade over å få litt mold på hendene når ettermiddagen eller helga kjem.

Våren 2021 starta Anda andelsgard opp. Dei fleste andelslandbruk driv etter økologiske prinsipp, noko me også gjer. Det betyr av vi ikkje bruker kunstgjødsel eller sprøytemiddel i produksjonene. Andelsgarden er organisert som eit einmannsføretak der me som eigarar har hovudansvaret for drifta medan andelshavarane deltek på dugnader og hausting. 

Våren 2023 startar Randi opp produksjon av snittblomar som skal seljast i eit utsalg på garden. Dette er ikkje ein del av andelsgarden, så her er det ikkje dugnader eller sjølvplukk. Blomsterutsalg er sesongåpent og åpningstider vil bli annonserte seinare. 

 

Bli andelshavar

Ta kontakt om du vil bli andelshavar, eller dersom du ønskjer å vite meir om kva dette inneber.

Klikk her