Kurs

Kurs

Opp gjennom åra har vi opplevd gleda ved og gjort oss erfaringar med dyrking av både blomar og grønnsaker. Denne dyrkegleda og desse erfaringane vil vi gjerne dele med andre. Vi har såkurs både for grønnsaker og urter og såkurs for blomar.

Og når blomane er klare til hausting, kan du binde deg ein bukett av dei. Hos oss kan du koma på bukettkurs og læra å binda din eigen bukett. Her får du først litt undervisning før du får gå ut i blomsteråkeren for å plukka blomar som du skal bruka til å binda din eigen bukett.

Vi set opp datoar for kurs og annonserer her på nettsida, på Facebook og på Instagram.

Elles går det også an å avtale kurs for grupper (min 6 personar) utanom oppsette datoar.

Såkurs

 Ønskjer du å oppleva gleda med å så, og følgja med på det som spirer og gror, heilt fram til det er klar for å haustast? Det er utruleg kjekt og spennande, men om du ikkje har så mykje erfaring, kan det vera mykje å setja seg inn i. Hos oss kan du delta på eit kort kveldskurs om såing, med blanding av teori og praksis.
Vi har både såkurs for dyrking av urter og grønnsaker, og såkurs for dyrking av blomar (først og fremst snittblomar).
Kursa våre varer i ca 2 timar og startar med ei lita omvisning på garden der vi ser på det som er sådd og det som allereie har spirt. Deretter blir det undervisning om såing, oppal, utplanting og vidare stell av plantene, før du får gjera noko av det du har lært i praksis. Du vel nokre frø av utvalet me har, som du sår og så får med deg heim etter kurset. Kanskje får du også med nokre planter som vi har sådd tidlegare.

Våren 2023 starta Randi opp Anda blomstergard. Her driv ho med produksjon av snittblomar. Dette er ikkje ein del av andelsgarden, så her er det ikkje dugnader eller sjølvhausting som på andelsgarden (sjølv om ho av og til inviterer til sjølvplukk).  Blomane blir selde direkte frå garden. Butikken er sesongopen, og opningstider blir annonserte på Facebook og Instragram. 

Kursa blir inne på låven. Der kan det vera litt kaldt på våren, så det er viktig å kle seg godt. 

Pris: Kr 600,-

Frø, potter og såjord er inkludert i prisen.

Datoar våren 2024:

  • Såkurs grønsaker og urter:
    Onsdag 3. april eller tirsdag 9. april kl. 18.00-20.00.
  • Såkurs blomar (med fokus på snittblomar):
    Måndag 8. april eller torsdag 11. april kl. 18.00-20.00

Bukettkurs

 Å gå ut i blomsteråkeren for å plukka blomar er ei oppleving. I blomsteråkeren kan du bruka alle sansar. Du kan kjenne blomsterlukt, høyra og sjå insekta som summar rundt i åkeren, nyta form og farge på blomane, og kjenna på blomane som du plukkar. Om du veit kva som er etande, kan du også smaka på nokre av blomane. Dette er litt av det du kan oppleva på bukettkurs hos oss.

Kursa varer i ca 2,5 timar. Dei startar med ei undervisningsøkt der du får læra litt om ulike typar blomar; form, farge og hausting. Du får også demonstrert korleis ein kan binda ein stor frodig bukett etter spiralprinsippet. Etterpå får du med deg ei blomsterbøtte og blomstersaks ut i åkeren og kan plukka dei blomane du vil bruka til din bukett. Så tek du blomane med inn og får binda din eigen bukett, med hjelp og rettleiing frå oss.

Datoar for kurs sommaren 2024 kjem seinare og blir også annonserte på Facebook og Instagram.

 

Påmeldingslenke til såkurs våren 2024:

Bli andelshavar

Ta kontakt om du vil bli andelshavar, eller dersom du ønskjer å vite meir om kva dette inneber.

Klikk her