Abonnement
Abonner på blomsterbukettar
Abonner på blomsterbukettar, til deg sjølv eller til nokon du er glad i. Du får ein fin bukett annankvar veke. Bukettane vil variere i farge, form og storleik alt etter kva som blomstrar til ei kvar tid. Blomane er produserte her på garden utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel, kortreist og berekraftig.
Sidan 2023 er første sesong, prøver vi det ut litt forsiktig dette året, med abonnement for august og september. Bukettane klare til henting onsdag ettermiddag kl 16.00-19.00, med oppstart onsdag 9. august. Planen er altså å halda fram ut september månad, med atterhald om verutfordringar som kan setja ein stoppar for blomsterproduksjon tidlegare enn dette. For seinare sesongar reknar vi med å starta abonnementet på våren eller forsommaren.
Pris for abonnement for årets sesong er 1200 kr. Sidan dette er første sesongen, gir vi gi 200 kr i rabatt til dei to første som bestiller eit abonnement. For bestilling av abonnement, send ein e-post til post@anda-andel.no eller ein SMS til Randi på mobil 971 974 62.
Blomsterbukettar til deg sjølv eller til nokon du er glad i.