Mange gonger i løpet av livet skulle eg nok ønske at eg hadde sett skrifta på veggen. Kva skal eg gjere nå, kvar går vegen vidare, eller kva kjem til å henda i framtida? Eg har aldri opplevd å få skrifta på veggen, og nokre gonger er det kanskje like greit å ikkje vita kva som ventar. Det er nok berre nokre få utvalde, som kong Belsasar i Bibelen, som opplever noko slikt.

Men om eg ikkje har sett ei slik overnaturleg skrift på veggen, så såg eg ei naturleg skrift på veggen her om dagen – skribling vil kanskje nokon kalla det. Det er far som har skrive det – på dørkarmen i lagerbygget. Han har skrive ned grønnsakbestillingar og utrekningar, sikkert når det var noko han måtte notera og han ikkje hadde den gule notatboka for hand. Dette var før mobilen hadde gjort sitt inntog med både kalkulator, kalender og notatplass, kanskje 25-35 år sidan. Og så står det der framleis. Det er ikkje berre utrekningar og bestillingar som er skribla ned på dørkarmen. Eit stykke oppe på veggen, står det også to vassrette strekar, og på sida at kvar strek eit namn. Eg kunne teke bilete av strekane og namna, men det er ikkje alt som skal delast på nett.

Dørkarmen burde kanskje fått seg ein omgang med maling, men det blir nok ikkje dette året. Om eg ein gong skulle mala, så skal far sine skriblerier få står der, som eit fint minne, om ein god mann og ei anne tid utan mobil og kalkulator. Men kvifor står desse strekane og namna der?

Eg kjende aldri dei to gutane, men eg høyrde om dei. Dei var to av mange barn som opp gjennom åra gjekk ut og inn på tunet vårt, lenge før det var noko som heitte Inn på tunet. Far siterte i blant ein av desse gutane: Du er min aller beste ven, hadde han sagt. Litt trist på eit vis – ein gut skulle jo helst hatt ein besteven på sin eigen alder.

Far var ikkje på deira alder, men han var ein god ven, ein ven som målte kor høge dei var blitt akkurat denne dagen og sette to strekar på dørkarmen med namna deira ved sida. Ingen dato, ikkje noko årstal, men to namn og to strekar. store var desse to gutane akkurat denne dagen, og ein travel bonde hadde tid til å måla dei, kanskje midt i pakking av kål, rødbetar eller gulrot. Eg veit faktisk ikkje nøyaktig om korleis dette skjedde. Far fortalde meg aldri om desse strekane, og eg oppdaga dei ikkje før nå mange år seinare. Det eg veit og sjølv erfarte, var at far alltid hadde tid til å drøsa med både meg og andre. Han kunne arbeida og drøsa samtidig. Han dreiv ikkje og leika og underheldt barna som kom innom garden medan han arbeidde, men han var der, han lytta og samtalte med dei.

Er det ikkje det me alle treng, å bli sett av nokon, nokon som har tid og som bryr seg, kanskje nokon som er større enn oss? Ei slavekvinne i Bibelen sette dette namnet på Gud som ho møtte på overnaturleg vis: Du er ein gud som ser meg. Det er godt å bli sett på med kjærlege auge.

Eg vil la teksta på veggen bli ståande som ei påminning til meg sjølv om dei som har sett meg gjennom livet og dei som framleis ser meg, og for å minna meg på å sjå menneska som eg møter, anten det er her på garden eller andre plassar. Vi treng ikkje venta på ei overnaturleg openberring for å vita kva som er godt for oss sjølv og menneske rundt oss. Vi veit det, og har kjent det sjølv: Det er godt å bli sett. Men nokre gonger kan vi trenga ei slik skrift som den på lagerveggen – for å bli minna om det vi allereie veit.