Aktuelt på ei nettside blir fort uaktuelt dersom ein ikkje postar ofte. Vi har difor kutta ut aktuelt og valt å kalla det ein blogg i staden. For så vidt bør vel ein blogg heller ikkje vera altfor uaktuell, men for meir hyppige oppdateringar om kva som skjer på Anda andelsgard og Anda blomstergard, oppfordrar vi dykk til å følgja oss på Facebook og Instragram. Her på nettsida prøver eg (Randi) meg heller på litt skriving om laust og fast.

Eg likte å skriva då eg gjekk på skulen. Eg skreiv alltid langt og mykje. Nå prøver eg å skriva på Facebook, eller på Instragram. Men det er ikkje heilt mitt format. Eg er ikkje god med dei kjappe og korte tekstane, med hashtag og meiningsmetta korte setningar. Eg treng meir ord. Kanskje bloggen passar meg betre? Det veit eg ikkje før eg har prøvd.

Dette blir ein blogg om både det eine og det andre, om livet som lærar og andelsbonde, om å dyrka blomar og grønnsaker, og om dei tankar og refleksjonar som eg gjer meg og som eg har lyst å dela med andre. Om mange eller få les det er ikkje det viktigaste. Om berre ein set pris på det eg skriv, så har eg lukkast. Les om du vil, eller la ver om du vil.