«Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen:…» Slik kan vi lesa i ei over 2000 år gammal bok, Forkynnaren. Kanskje stammar innhaldet heilt tilbake til kong Salomo. Uansett kven som først sa det, er det klokt og vakkert sagt. «Ei tid for å planta, ei tid for å riva opp», held teksten fram. Gamle ord, men dei opplevest allikevel aktuelle i dag – også på Anda andelsgard. Me er komne til oktober. Det er haust og tid for å innhausting, det er tid for å riva opp; gulrot, rødbet, selleri og purre. Det er tid for å skjera inn kål og hausta graskar.

Hausten kan bera med seg eit visst vemod. Det mørknar. Det vert kaldare. Blomane visnar og blada fell av trea. Men hausten kan også bera med seg takksemd, takksemd for alt som dette året fekk gje, ein takk for det me fekk hausta. Nokre feirar det med hausttakkefest.  På andre sida av Atlanteren tek dei det meir ut – dei feirar Thanksgiving. Familiane samlast kring kalkunen og graskarpaien. Folk flest i vesten lever ikkje så tett på naturen, så hausttakkefest med takk for årets grøde er kanskje ikkje så naturleg. Men som andelsbonde og forhåpentlegvis også som andelshavar, får årstidene med såing og hausting eit litt anna innhald. Vi opplever at alt har si tid –  det er ei tid for å så, ei tid for å planta, ei tid for å luka og ei tid for å hausta. Tida for å hausta er nå. Snart er også tida for å hausta over for i år.

Mørkare kveldar om hausten gjer at det ikkje lenger er aktuelt å gå ut å arbeida på garden utover kvelden. Det går mot vinter. Hausten kan vera ei tid for for å roa ned, ei tid med tid til ettertanke, ei tid for å lada opp. Kanskje treng alle menneskene desse skiftene i året. Andre stader i verda er det regntid og tørketid. Hos oss er det vinter, sommar, vår og haust. Alt har si tid.

Kunstig lys i varme stover gjer at vi ikkje treng å gå tidleg til sengs om hausten og vinteren. Vi er ikkje så tett på årstidene sine variasjonar. Eg drøymer meg ikkje tilbake til parafinlampane si tid, eller til uisolerte hus med isroser på innsida av vindauga om vinteren, men eg trur at vi kan ha godt av å følgja årstidene litt meir i eige liv. Kan vi også gå litt til kvile slik naturen gjer om hausten? Kanskje må vi øva oss. Har vi gløymt litt i vårt travle informasjonssamfunn kva det vil seie å koble av for å kunne koble på. Eg gler meg til å krypa under teppet med ei god bok, når det er mørkt ute og regnet kanskje slår mot ruta. Og så kan eg nyta det. Og når eg har fått kvilt meg litt etter årets sesong på andelsgarden, kan eg byrja å gle meg til neste sesong, byrja å planleggje å drøyme om året som kjem om vår og sommar, om eit tid for å så og plante. For på andelsgarden som i livet elles har alt si tid.