MePippi hadde store sko og ho var stor i ord: «Det har jeg aldri gjort før, så det klarer jeg helt sikkert!», sa ho.

Eg trur ikkje eg liknar så veldig på Pippi. Eg er nok meir realistist, meiner eg sjølv, i blant litt pessimistist, vil nokre av dei rundt meg seia. Men i år har eg gjort mykje som eg aldri har gjort før. Eg har…

  • delt opp georginerøter
  • dyrka georginer og andre snittblomar for salg
  • bunde bukettar for salg
  • laga bordpynt til eit bryllaup
  • laga reelsvideoar og historiar på Instagram.

Og nå når blomane ute er visna, har eg starta på noko eg heller aldri har gjort før – å brodera blomar – til bunad til minstejenta.

Eg våga kanskje ikkje seia høgt som Pippi i starten av året at dette har eg ikkje gjort før, så det klarer eg heilt sikkert, men eg håpa at eg skulle klara det.

Nå når året går mot slutten tampen kan eg kanskje våga meg til å seia at eg har klart det. Eg klarte å dyrka fram mange vakre blomar. Eg klarte å binde bukettar og eg fekk faktisk seldt ein del. Ikkje alt blei perfekt. Ikkje alt gjekk som eg hadde tenkt, noko gjekk betre og noko gjekk dårlegare.

Eg har prøvt og feila, og eg har lært, men eg er slett ikkje utlært. «Den som tror han er ferdig utlært, er ikke utlært, bare ferdig», stod det på ein lapp framme på kateteret i naturfagrommet på vidaregåande skule. Eg bør kanskje skriva det bak øyra, i lag med Pippisitatet.

Eg trur me treng å høyra og hugsa begge deler. Me treng å høyra at me kan klara mykje, og me treng å høyra at me aldri er ferdig utlærde. Det gjeld nok på mange andre område i livet enn blomsterdyrking, ja kanskje gjeld det sjølve livet. Me er aldri utlærte på det å leva livet. Me vil stadig møta nye utfordringar som me ikkje har møtt før, nokre vel me sjølve å gå inn i, andre blir me kasta ut i utan sjølv å vilja det.

Det er ikkje sant at alle kan få til alt. Ingen av oss klarer alt. Men kanskje kan me alle klare noko som me ikkje trudde me kunne klare, om me berre vågar. Nokre ord er kanskje så mykje brukte at dei følest oppbrukte og platte, men eg vågar meg nå på eit slikt godt brukt sitat til allikevel: «Den som intet våger, intet vinner».

I år har eg våga meg ut på noko eg ikkje har gjort før. Kva har eg vunne i år? Eg tente litt pengar, men eg vart ikkje rik. Men eg har fått så mykje anna. Eg har fått arbeida ute og fått mold på hendene, opplevd gleda ved å gå å sjå på dei små blomsterspirene som veks frå dag til dag. Eg har kunna gå gjennom blomsteråkeren, høyra lyden av insekt som summar, nyta vakre fargar, kjenna lukta av blomar. Eg har fått stå timevis og bunde bukettar og vore så trøtt at eg sovna  som ein stein då eg la meg om kvelden. Og ikkje minst har eg møtt mange menneske; menneske som gler seg saman med meg over vakre blomar. Alt dette har eg vunne, fordi eg våga.

Kanskje skulle du og eg litt oftare tenkje som Pippi og handle deretter, for det kan tenkjast at vi får til det vi ikkje har gjort før, og det kan endåtil tenkjast at det kan glede både oss sjølv og andre.