Elektriske apparat treng å vera jorda, særleg i rom der det er vatn. Det kan gå gale om straumen kjem på avvegar. Kanskje treng me menneske også å vera jorda. «Av jord er du komen, til jord skal du bli, av jorda skal du atter stå opp», seier presten når han kastar jord på kista i gravferda.

Vi høyrer til på jorda, vi er av jorda, og kanskje treng vi på ny å koma i kontakt med jorda. Eg er lærar, eg likar å lesa bøker. Eg tenkjer. Eg grublar – og eg grev i jorda. Jorda er full av liv og gir liv. På forskning.no kan vi lesa at ei teskei med jord inneheld meir enn ein milliard bakteriar. Les gjerne jordboka 1 og 2, av Dag Jørund Lønning, om du vil læra meir om det fantastike mikrouniverset nede i jorda.

Eg opplever at det å grava i jorda og dyrka noko er godt for kropp og sjel. Eg arbeider som oftast utan hanskar. Det er godt å bli skiten på fingrane og kjenna på jorda. Det er godt å kjenne lukta av frisk jord, og det er vakkert å sjå utover ein nypløgd åker. Eg smakar ikkje så ofte på jorda, men kanskje burde me gjera meir av det og. Dei gode bakteriane i jorda, skal visstnok vera gode for tarmfloraen. Barn som er mykje ut i naturen og blir skitne på hendene, utviklar eit betre immunforsvar.

Eg trur kontakten med jorda er god på andre måtar også. Fysisk arbeid ute kan kanskje opplevast litt monotont i blant, men kan det også vera positivt? Eg trur slikt arbeid kan vera med å gje ein indre ro. Ein kan la tankane flyga, fri få dei tusen inntrykka vi kan få gjennom dei mange skjermane vi har i livet vårt.

For nokre veker sidan kunne vi lesa på forskning.no at andelshavarar opplever auka livskvalitet og betre fysisk og psykisk helse. Det er Nibio som har gjennomført ei undersøking blant andelshavarar og analysert resultata. Som andelsbonde er eg ikkje overraska over desse resultata. Det å dyrka sin eigen mat er meiningsfullt. Vi ser kor maten kjem frå. Den kjem ikkje berre frå kjøledisken på butikken. Den kjem frå jorda. Brokkolien du haustar i juli kjem frå det vesle frøet du sådde i april. Det tek tid, det trengst næring, sol og vatn og godt stell. Finst det noko meir fantastisk (ja, det gjer det heilt sikkert) enn å sjå den første spira som stikk opp av jorda, og så få følgja den frå dag til dag. Det er ei eiga glede i det å eta ei gulrot du har sådd, luka rundt og sjølv drege opp av jorda.

Kanskje gjer det å dyrka jorda oss også litt meir audmjuke. Det hjelper med kunnskap og erfaring, men det er mykje me ikkje har kontroll på. Naturen lever sitt eige liv, ver og vind rår me ikkje med. Me er avhengige av naturen. Me er ein del av eit fantastisk samspel, og me får lov å vera med å forvalta ein liten flekk av denne verdifulle jorda. Har me mista litt av ærefrykta for det som veks og gror, eller ærefrykt for skaparen. Eit gammalt måleri vitnar om ei anna tid. Mann og kone som står ute på jordet, han med hatten av, i bøn til Gud før dei skal i gang med å så. Dei var i kontakt med skaparen, dei var i kontakt med jorda, og dei visste kor maten kom frå.

Eg trur det ville gjera godt for fleire enn meg å få kontakt med jorda. Det er kanskje ikkje berre elektriske instrument som treng å vera jorda, kanskje treng menneska det og.

 

Så mye betyr jord under neglene for barns immunforsvar | illvit.no

Bakterier på godt og vondt (forskning.no)

Ny undersøkelse: Du blir lykkeligere av å dyrke dine egne grønnsaker (forskning.no)