Blomsterglede

Eg har starta produksjon av snittblomar i år. Kvifor? Nokre tenkjer kanskje at det var eit rart innfall, og i blant lurer eg også på om det er det?

Eg trur mi interesse for blomar starta med far og mor. Om det er arv eller miljø, kan eg ikkje seia. Far dreiv med gris og grønnsaker, men slik eg opplevde det var det alt som vaks og grodde som var hovudinteressa hans. Det gjorde at han ikkje berre dyrka grønsaker på markene, også hagen var full av alle slag bær, buskar, tre og blomar. Det blomstra og det blomstrar framleis mest heile året, frå erantesen i januar til stauder eg ikkje veit namnet på langt utpå hausten. Mor var også interessert i blomar, men ho dyrka interessa meir innandørs. Då eg var liten var det St. Paulia som var det store. Slik eg hugsar det var det fullt opp av desse plantene både i stove og kjøkken. Ho sette avleggarar og laga nye planter, og ho passa på å trekkja ned persiennene slik at blomane ikkje blei skada. Seinare blei orkidear den store interessa, og den har halde seg heilt til nå. Nå nærmar mor seg 93 år, og passar framleis godt på orkideane sine.

Eg kan ikkje hugsa at eg var meir interessert enn andre i blomar då eg var liten, men eg hugsar far var det. Når vi var ute på tur, var ikkje ein blom berre ein blom. Den hadde eit namn. Far stoppa opp, viste oss blomen og lærte oss namnet. Det same gjaldt ute på jordene. Eit ugras var ikkje berre eit ugras. Også ugraset hadde eit namn, og viss han ikkje visste namnet, gav han seg ikkje før han fann det ut.

I verdas mest kjøpte bok kan vi lesa om eit oppdrag som blei gitt til menneske. Det skulle setja namn på dyra. Og sidan har menneska sett namn på både planter og dyr, systematisert, utforska og dyrka jorda. Eg trur det gjer naturopplevinga annleis når du kan setja namn på det du ser rundt deg. Det er fint å ha eit språk for det du ser.

Far hadde herbarium, laga på Gjennestad gartnerskule, ein sjølvlaga perm i tre, og inni låg blomane sirleg limt på ark, om enn litt falma etter mange år. Kanskje var det det som inspirerte meg som tolvåring. På fritida, heilt på eige initiativ, starta eg å laga mitt eige herbarium. Eg kom ikkje så langt, det blei vel aldri heilt ferdig. Allikevel – ei interesse for blomar var skapt i meg.

Som tenåring og ungdomsskuleelev melde meg på blomsteroppsats kurs. Det var eg og ein del godt vaksne folk. Men eg gjekk ikkje vidare på den vegen. Eg valde ikkje ein gong biologi på vidaregåande. Eg vart lærar, I ettertid tenkte med meg sjølv at om eg skulle hatt eit meir praktisk yrke, ville eg blitt blomsterdekoratør.

Blomar har eg fortsatt å lika. Eg plukka kvitveis som student i Bergen. Eg sådde sommarblomar og planta i den vesle hagen min som nyutdanna lærar i Lyngdal. Eg planta blomar i hagen i Etiopia (som Tormod sine høner åt opp). Så flytta me til Norge og overtok hagen som far hadde planta.

For tre år sidan kom koronaen. Eg sat heime i kjellaren og underviste elevane mine. Eg måtte finna på noko anna. Prosjektet mitt den våren og sommaren blei å fotografera ein ny blom i hagen vår, i mor sin hage og elles rundt på eigedomen og publisera det på instagram med #blomsterglede. Det var buskar og tre, løkblomar, stauder, sommarblomar og ville blomar, ein sort kvar dag frå slutten av mars til slutten av august, med unntak av nokre veker ferie på sommaren.

Det er tre år sidan nå. Koronaen er over, i alle fall restriksjonane. Blomane i hagen er der framleis. Dei starta tidleg på våren, har halde fram på sommaren og eg veit at eg har mykje å gle meg til også utover seinsommaren og hausten.

Og i år har eg altså eit nytt blomsterprosjekt. Eg har starta å dyrka snittblomar for salg. Eg har sådd, eg har vatna og planta. Og eg har starta å plukka blomar og selja bukettar. Er det dette eg eigentleg har drøymt om heile livet? Eg trur ikkje det. Eg trur heller at det er slik at alt har si tid, slik ein klok mann, Forkynnaren (kanskje kong Salomo) sa det for fleire tusen år sidan.

Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen: ei tid for å fødast, ei tid for å døy, ei tid for å planta, ei tid for å riva opp.

Nå er det tida for å hauste blomar og binda bukettar. Om eg får det til dette prosjektet, det veit eg ikkje. Men det er verdt eit forsøk. Den som intet våger, intet vinner.

Det starta med blomsterinteresserte foreldre, og så er eg spent på å sjå kor det endar.