Blomesesongen er over på Anda blomstergard. Det er oktober, det er haust, det er blad som fell av trea, blomar som visnar og georginer som blir tatt av frosten. Det er naturen som går til ro – og det er rosa-sløyfe-månaden – brystkreftmånaden.

For litt sidan delte eg eit innlegg på sosiale media om dette. Eg skreiv  om at eg hadde fått konstatert brystkreft i februar i år, og sidan har eg blitt operert, fått cellegift og stråling, og reknar nå med at eg er frisk.

Eg delte mi takksemd for å ha fått så god behandling, og at eg har tålt behandlinga så bra som eg har, og at eg nå reknar med at eg er kreftfri.

I etterkant har eg fått så mange varme, positive kommentarar, mellom anna om kor sterk eg er.

Ja, det er kanskje fint å gje kreftsjukdom eit andlet, og det er kanskje lett å dela det nå i etterkant, nå når eg reknar med at eg er frisk. Eg har tenkt på om eg ikkje burde delt dette. Kanskje gjer det berre vondt for dei som ikkje blei friske, dei som framleis kjempar sin daglege kamp mot kreft eller andre sjukdommar, sjukdommar på kropp og sinn. Det er jo desse som er sterke, desse som er heltar. Dei som har fått beskjed om at dei ikkje kjem til å bli friske, men som kjempar for livet og for dagar som kjem.

Men så er det kanskje ikkje noko poeng å samanlikna kven som er sterkast eller svakast, like lite som det var noko poeng å diskutera kven sin far som var sterkast då me var små.

Nå har eg ikkje lenger blomar å plukka og gje bort i år. Men i dag har eg lyst å hylla alle desse kvardagsheltane, dei som ikkje blir friske, dei som kjempar lange kampar mot  sjukdommar. Desse fortener blomar og ros. Desse imponerer.

Eg trur ikkje vi skal setja den eine opp mot den andre, å samanlikna kven som har det best, eller samanlikna kven som har det verst. Eg har faktisk lov å vera takknemleg og glad for at eg blei frisk, samstundes med at eg har medkjensle med dei som kjempar dei tøffe kampane for å leva litt lenger, eller dei tøffe kampane for å koma gjennom vonde dagar etter å mista nokon dei var glade i.

Det verkar ikkje som smerte og glede er likt fordelt på oss menneske. Livet opplevest ikkje rettferdig. Vi må alle leva kvar våre liv.

Vi skal få lov å takka og vera glade for det gode i livet. Og vi har lov til å sørgja og gråta over det som er vondt og vanskeleg.

Gled deg med dei glade og gråt med dei som gret – medkjensle heiter det på godt nynorsk. Det kan vi gjera, ikkje berre i brystkreftmånaden, og ikkje berre med brystkreftsjuke, men kvar månad med både sjuke og friske som me møter på vår veg gjennom livet, gleda oss med dei glade og gråta med dei som gret.

Tenk om me kunne gjera det litt meir for kvarandre, og vera der litt meir for kvarandre i oktober og alle andre månader.

PS. Ein stor takk til @sannfryd for dette og mange andre flotte bilete som ho tok ein fin seinsommarettermiddag.