For nokre år sidan samla familien seg ofte rundt TV-en for å sjå Norske talenter. Nokre av dei som deltok var store talent, andre ikkje fullt så store talent, men det var fantastisk å sjå kor gode folk kunne bli på det som dei hadde trent seg opp til.

Vi snakkar ofte om at nokon har eit stort talent, for det eine eller det andre. Som ein del andre ord og utrykk, har vi fått dette ordet frå Bibelen og inn i språket vårt, nærare bestemt frå ei likning.

Verdien av ein talent

Ein talent var ei vekteining som tilsvarer 34,2 kg med våre dagars vekteining. Talentar var også ei mynteining tilsvarande 6 000 drakmar eller denarar, der ein drakme var ei vanleg dagløn på Jesu tid. Om me reknar ca 300 arbeidsdagar i eit år (dei hadde sikkert ikkje fem-dagars arbeisveke på den tida), så tilsvarte ein talent ca 20 årsløner.

Likninga om talentane

Likninga om talentane handlar om ein mann som skulle reisa utanlands. Før han reiste, delte han ut pengane til tenarane sine for at dei skulle forvalta dei medan han var borte. Ein av tenarane fekk ein talent, ein fekk fem og ein fekk ti, alt etter kva herren trudde kvar av dei dugde til. Eg tenkjer at han må ha hatt stor tru på alle tre, når han overlet dei mange årsløner kvar til forvaltning.

Ikkje alle tenarane forvalta talentane sine like godt. Ein av dei grov berre ned det han hadde fått. Om du vil lesa korleis det gjekk, får du finna fram ein bibel eller nettsida bibel.no og slå opp i kapittel 23 hos evangelisten Matteus.

Dette blei ei lang innleiing. Nå har eg forklart kva ein talent er, så nå er eg klar for å skriva om det eg eigentleg hadde tenkt å skriva om.

Ei spesiell oppleving

Ein dag sist vinter hadde eg ei spesiell oppleving. Eg kom køyrande inn Brekkevegen og såg utover markene på andelsgarden. Det var ein kald, men solfylt dag. På eine sida av vegen låg hage, hus og løa slik det har gjort i over hundre år. På andre sida av vegen låg åkrane våre frosne og livlause. Det bugna altså ikkje av verken gode grønnsaker eller vakre blomar på garden denne dagen. Dei to veksttunnellane stod der som tomme skjelett. Plastikken var tatt av for vinteren og hadde ennå ikkje kome på. Geitene rusla som vanleg rundt i garden sin. I bakgrunnen låg huset til mor. Eg hadde kome køyrande inn same vegen så mange gonger før, og det var strengt tatt ikkje noko spesielt med denne dagen.

Men for meg blei dagen spesiell, for plutseleg steig ei kjensle i meg, noko eg ikkje heilt kan forklara – ein takk for at dette var mitt, var vårt, ein tanke om at dette var talenten me har fått utdelt og som me har fått ansvar for å forvalta. Eg køyrde inn i gardsrommet med tårer i augene, full av takk og kanskje også ei kjensle av ansvar. Kvar kom denne kjensla og denne tanken frå, kanskje berre frå meg sjølv, frå mitt indre – eller kanskje frå ein annan, han som eg kallar Gud og Far. Uansett kor opplevinga kom frå, så sette det i sving tankane mine.

Å forvalta talentane våre

I bakgrunnen av markene våre ruvar dei mange store drivhusa til naboen. Han har også fått sin talent. Då vi var små, var garden deira og garden vår to om lag like store småbruk. Me var jamngamle og leikekameratar. Han har forvalta sitt talent og skapt ei stor lønnsam bedrift som sysselset mange og produserer mengder med velsmakande tomater, agurkar og vakre blomar. Det er mildt sagt imponerande.

Garden vår er framleis like liten, vi har forvalta talentet på ein annan måte enn naboen, og vi treng ikkje og skal ikkje samanlikna oss med han. Det er så lett å gjera det, samanlikna seg med andre, anten det nå gjeld gard, hus, klede eller eller andre talentar vi har fått. Det tener sjeldan til noko godt.

Vi ønskjer på sikt at garden vår og arbeidet vårt der, altså vår talent, skal kasta av seg ei passe god inntekt til meg som nå er heime på fulltid. For at det skal skje må vi gjera vårt beste for å få gode avlingar av gode grønnsaker og vakre blomar. Vi må også få selt det vi har å selja, anten det er grønnsaksandelar på andelsgarden eller blomsterbukettar frå blomstergarden. God forvaltning av garden handlar om dette.

Men god forvaltning av taltenet vårt, garden, handlar også om å prøva å ta vare på jorda og naturen elles. Det handlar om å ikkje utarma jorda, slik at den også kan gje god avling i åra som kjem og for generasjonane etter oss. Det handlar også om å prøva å gjera vårt for å ta vare på mangfaldet i naturen – insekt, fuglar og anna. Vi ønskjer og prøver å tenkja på det, men har nok også her eit potensiale for forbetring.

I tillegg håpar vi at garden også gjev andre typar avkastning, som glede, helse og gode menneskemøter. Eg har høyrt det sagt: Eg blir glad berre eg går forbi blomstergarden og ser på alle dei fine blomane. Mange har også uttrykt glede over å få koma på sjølvplukk, stikka innom det vesle blomsterutsalget for å kjøpa med seg ein bukett ureiste blomar, vera med på kurs for å læra å dyrka eigne blomar eller grønsaker eller laga seg ein vakker bukett, og ikkje minst plukka eigenproduserte grønnsaker på andelsgarden.

ABC-en for spykisk helse

I vår var eg på ein konferanse der eit av føredraga handla om psykisk helse. Der fekk me høyra om ABC-en for psykisk helse. ABC står for Act, Belong og Commit. På norsk har det fått overskriftene Gjer noko aktivt, Gjer noko saman og Gjer noko meiningsfullt. Eg tenkte med meg sjølv: Det er jo det me gjer på andelsgarden. Her får folk vera i aktivitet på dugnad saman med andre for å produsere rein, god og næringsrik mat. Det må jo også seiast å vera meiningsfullt. Det må vel gje god avkastning for våre hundre andelshavarar og deira familiar, både for den psykiske og fysiske helsa deira.

I mange år brukte vi ikkje garden så aktivt sjølv. Vi leigde han ut og heldt jorda i hevd på den måten. For fem år sidan starta vi noko nytt, vi tok meir aktivt i bruk talenten som var gitt oss til låns for ei tid.

Ikkje alle dagar er berre fryd og gaman, men å driva andelsgard og blomstergard opplevest meiningsfylt. Eg er så takknemleg for denne plassen, den vesle garden vi har fått, for talenten som vi skal forvalta. Det gir oss så mykje tilbake på mange plan. Og eg håpar og trur at den gir noko tilbake ikkje berre til oss, men også til dei mange menneska som er innom garden i løpet av ein blomster- og grønnsaksesong. Vi gler oss i alle fall stort over mange gode møter med mange gilde folk.

Har du ein talent, er du rik

Så kan vi alle tenkja etter om vi har fleire ubrukte talent som vi skulle tatt i bruk. Det er jo forgale å berre grava dei ned. Det gir jo ikkje noko tilbake, verken til oss sjølv eller andre. Kanskje syns vi iblant at vår talent er så liten, eller at vi har så få talentar. Men om eg berre har ein talent, er eg rik, for ein talent er eigentleg veldig mykje verd. Og tek vi talenten vår i bruk, kan det hende det gir uventa avkastning for både oss sjølv og andre.