Poteter og setteløk er i jorda. Mykje er sådd inne i veskttunnellen, men framleis er det minusgrader om nettene, så vi ventar litt med å planta ut så mykje ennå. Vi har også hatt litt problem med oppalsjorda, så det vart dårleg spiring og lite vekst. Vi har difor måtta så ein del på ny, så sesongstart blir nok seinare i år enn i fjor. Slik er det når ein jobbar med det som veks og lever. Det er ikkje alt ein har kontroll på.

Elles har vi dobla talet på andelar i år, og har nå byrja å skriva folk på venteliste til neste år. Ta kontakt om du er interessert i å bli andelshavar neste år.