I dag har me tatt eit lite steg vidare mot oppstart av Anda andelsgard. Me har hatt besøk av Bjarne Kvist Hansen som arbeider for Norsk landbruksrådgjeving Rogaland. Dei tilbyr økologisk førsteråd, som er ei rådgjevingsteneste for folk som har planar om å starta økologisk produksjon av matvarer. Me starta med ein tur ut på marka for å sjekka jordpakking og ugras. Jorda var lite pakka, måleinstrumentet viste stort sett grønt alle stader. Etterpå fekk me drøfta ein del spørsmål og problemstillingar og fekk mange gode råd som me kan ta med oss i den vidare planlegginga. Inspirerande og kjekt med råd frå ein så kunnskapsrik og erfaren mann.