Du skal halda kviledagen heilag var eit av boda vi lærte då eg var konfirmant. Då eg vaks opp handla det mellom anna om at ein ikkje skulle strikke på søndag. Ein skulle sjølvsagt ikkje arbeide meir enn nødvendig ute på garden heller, men grisene måtte ha mat anten det var søndag eller kvardag.

Trong me fylle bensin på bilen, gjorde far det på laurdag. Potetene skulle helst skrellast laurdagen, og etter søndagsmiddagen tok mor og far seg ein ekstra lang kvil. Å vaske bil, hus eller vaske klede og henge dei på snora var sjølvsagt utelukka. Det same var plenklipping og luking.

I dag vil mange kanskje le av alle desse boda og forboda. Eg strikkar gjerne på søndag (om eg i periodar finn det for godt å strikka), og eg skreller ikkje lenger potetene laurdag (men så får heller ikkje familien min ferdigskrella poteter så ofte, verken søndag eller kvardag.)

Men om vi skreller vekk alt det unødvendige, altså ikkje potetskrellet, men alle dei unødvendige reglane om kva ein skal gjera og ikkje gjera på søndagar, så trur eg det tredje bodet er godt for oss menneske. Eg trur det er godt med ein rytme mellom arbeid å kvile. Eg trur det er godt med ein dag i veka der ein kan ta seg fri med godt samvit frå ein del av alle må, bør og skal som veka elles er fylt av.

Då eg var student handla det for meg om å kunna ta meg fri frå studier og eksamenslesing kvar søndag med godt samvit. Som lærar har handla det om å ta seg fri frå prøveretting og førebuing av timar på søndagar. Som mor har det handla om at eg ikkje treng vaska huset og vaska klede på søndag, slikt som eg veit må gjerast, men som eg ikkje likar så godt. Vi har stor plen, så den har vi heller ikkje klipt på søndag. Det er godt å sleppa.

Visste du at forresten at vi har ei eiga lov i Noreg som heiter Lov om helligdager og helligdagsfred. Lova gjeld både søndagar og andre heilagdagar, og i pargraf 3 av lova står det følgjande: På helligdag fra kl 00 til kl 24 samt påske-, pinse- og julaften etter kl 16 skal det være helligdagsfred som ingen noe sted må forstyrre med utilbørlig larm. Så det er ennå ein god grunn til ikkje å klippa plenen på søndagar.

Eg lukar sjeldan på søndagar, fordi luking også er arbeid for meg. Men hadde eg hatt hundre kvadratmeter hage, ville nok luking også vore god avkobling. Eg vaskar heller ikkje bilen på søndagar (me gjer det forresten også altfor sjeldan på kvardagar). Men om naboen har glede av å vaske bilen på søndag, så gler eg meg med han.

For minst like viktig som alt ein ikkje gjer denne eine dagen i veka, anten det nå er søndag, sabbat eller ein annan dag i veka, er kva ein vel å bruka dagen til. Kviledag heiter det. For nokon handlar kvile kanskje heilt konkret om å ha tid til ein ekstra lang kvil, slik far og mor gjorde då eg var liten, eller det kan handla om meir tid med våre næraste. For nokon er den beste avkoblinga å trena eller gå ein tur ut i naturen. For ein del menneske handlar det også om tid til og med Gud, anten dei går til gudsteneste, eller har ei stille stund heime. Hovudpoenget er å ha ein dag som er annleis enn resten av dagane i veka.

For mange andelshavarane våre er det avkobling og ein måte å senka skuldrene på å få koma her på søndagar å plukka ferske grønnsaker. Det føregår utan maskinar og forstyrrar ikkje heilagdagsfreden, verken for oss eller for andre.

Men som andels- og blomsterbonde har eg valt å ha fri søndagar. Vi har aldri dugnad og vi arbeider ikkje (forutan det som må gjerast av stell og pass av planter). Arbeidet på garden er jobben min, og eg treng ein fridag frå den, både for eigen del og for familien sin del.

Eg trur vi alle treng å ta kviledagen tilbake, å halda kviledagen heilag. Heilag betyr utskilt, så å halda kviledagen heilag, betyr at han skal få vera annleis enn dei andre dagane i veka. Vi treng ein dag i veka der vi tek fri med godt samvit, også frå alt i heimen som kunne, skulle og burde vore gjort. Eg trur det er godt for enkeltmenneske, for familiar og fellesskap og for samfunnet.

Vi har fritid og feriar, men har vi mista den gode rytmen med fri ein dag i veka? Eg trur ikkje vi treng masse nye bod om strikking eller ikkje strikking på søndag. Det bodet har røter tilbake til ei tid der ein strikka for å ha klede til å ha på kroppen. Då var det kanskje godt å ha fri frå strikking på søndagen. Det som var arbeid den gong, er kanskje ikkje arbeid nå. Det som er arbeid for meg er kanskje avkobling for deg og omvendt. Men ingen av oss er overmenneske. På same måten som vi treng vekslinga mellom søvn om natt og arbeid på dagen, trur eg vi treng vekslinga mellom kvile ein dag i veka og arbeid resten av veka.

Kanskje er det ikkje berre menneske som treng kvile, kanskje treng jorda også kvile.

Vi driv med vekstskifte på andelsgarden. Det betyr at vi vekslar på kor vi har dei ulike typane grønnsaker, slik at det går nokre år før dei same grønnsakene kjem tilbake til same plassen. Mange legg også inn eit skifte i denne syklusen med berre grønngjødsling. Grønngjødsling er planter som ein sår som ikkje skal haustast. Dei skal berre stå å samla næring til jorda, eller røtene skal gå nedi og løysa opp jorda. Så får jorda kvila dette året.

I det gamle testamentet i Bibelen hadde dei sabbatårs for jorda. Kvart sjuande år skulle jorda liggja brakk – vi ville kanskje ha kalla det eit grønngjødslingsår. Dei kalla det eit sabbatsår. Kanskje treng jorda også å kvila iblant, så ho ikkje blir utarma. Vi bør ha det som eit mål å få til eit skifte med grønngjødsling i vekstskifteplanen vår.

Så gjeld det å finne den gode balansen både i åkeren, mellom grønngjødsling og grønnsaker, og i livet, mellom arbeid og kvile. Kanskje er fasiten i åkeren eit sabbatsår. Kanskje er fasiten for oss menneske kvar sjuande dag, slik det har vore i landet vårt sidan kristendommen kom til landet for tusen år sidan, og slik kristne og jødar vil seie det har vore frå skapinga av – for på den sjuande dagen kvilte Gud.

  1. Du treng verken å tru at jorda vart skapt på seks dagar eller tru på Gud for å testa ut om ikkje ein kviledag i veka er godt for deg og dine. Men eg tek med dette med Gud og Bibelen, fordi det fortel noko om kvifor vi har sjudagars veke og lov om heilagdagsfred i Noreg i dag. Det er ein del av røtene og tradisjonen i landet vårt, og den bør alle kjenna til anten ein trur på Gud eller Allah, eller ein trur på alt eller ingenting.