Nå er våren på veg. Me har sådd dei første grønnsakene og ventar spent på at dei skal spira. Opprinneleg hadde me tenkt å ha informasjonmøter i januar, men som så mykje anna let dette seg ikkje gjennomføra då. Nå håpar me å få til informasjonssmlingar i mindre grupper 13. mars, både for andelshavarar og for folk som lurer på om dei skal bli andelshavarar. Meir informasjon om påmelding, organisering og klokkeslett kjem på facebook og her på nettsida når det nærmar seg.

NB! Me har ennå plass til fleire andelshavarar for sesongen 2021.