Nå er våren her etter april månad med kuldegrader nesten kvar natt. Me er godt i gang med sesongen. Andelshavarane stiller på dugnad, og me er i gang med å planta ut plantene som me sådde tidlegare i vår. Me har nådd målet om 20 andelshavarar for årets sesong, men om du er interessert i å vera med neste sesong, så ta kontakt slik at du kan stå på venteliste.