Det er haust. Nokre dagar er det mykje ver, dagar med vind og regn. Andre dagar er det stille klart og vakker solnedgang. Det er noko med den haustlufta. Den er så klar og stille.
Dei store lønnetrea i hagen har mista blada sine, og når eg rundar hjørnet på løa, kan eg berre vassa i vakkert brunt bøkelauv. Scabiosaen, oktoberbergknappen og lodnesolhatten blomstrar ennå på blomstergarden, sjølv om det er blitt november, men elles har mange av blomane visna. I grønnsakåkeren står ein og annan purre, nokre får gulrøter og ein del jordskokk igjen, men elles er det meste tatt opp av jorda. Igjen ligg lauv og planterestar og ein del ugras som har spirt utover hausten.
Det er på eit vis litt trist og stussleg, men så er det samstundes ein del av naturens fantastiske kretsløp, planter og dyr som veks, visnar og døyr og blir til jord igjen. Det er her dei gode nedbrytarane kjem inn i biletet.
Gode nedbrytarar – det høyrest nesten ut som ei motsetning. Å bryta ned er vel negativt, ikkje noko godt. Å vera heilt nedbroten følest ikkje så godt, men i naturen er nedbrytarane altså gode, både meitemark, bakteriar og sopp. Tormod snudde nettopp i kompostbingane i hagen, og der var det fullt med meitemark. Det er eit godt teikn. Utan meitemarken og andre nedbrytarar hadde døde planter og dyr blitt liggjande lag på lag oppå kvarandre. Det ville blitt uleveleg på jorda. Men heldigvis har me nedbrytarar. Dei som kan omdanna det visne og døde til jord, til tilgjengelege næringsstoff for det som skal veksa neste år.
Så i dag er eg glad for både nedbrytarar som skal omdanna planterestar til god jord, jord som nye frø kan spira i neste vår. Det er noko håpefullt med desse nedbrytarane.