Eg har vore naturfaglærar i mange år. Eit viktig emne i naturfag er økologi, eller læra om økosystem. Eit økosystem er sett saman av biotiske (levande) faktorar, som dyr og planter, og abiotiske (ikkje levande), som ver, vind og nedbør. Den levande delen av økosystema er igjen delt inn i produsentar og konsumentar.
Plantene er produsentar. Dei produser druesukker og oksygen gjennom ein av jordas viktigaste kjemiske reaksjonar, nemleg fotosyntesen. Til det treng dei vatn og lys. Vi veit godt kva som skjer med ein plante som ikkje får vatn og lys: Han døyr.
Konsumentane er dei som lever at planter og/eller dyr.
Sjølv om vi ofte snakkar om at vi menneske produserer både det eine og det andre, så er vi konsumentar i dei økosystema vi tilhøyrer. Vi kan nemleg ikkje driva fotosyntese som plantene. Vi må få energi gjennom maten vi et.
Eit anna ord for konsumentar er forbrukarar. Vi menneske er forbrukarar, og vi i vesten er nok ikkje berre forbrukarar, men storforbrukarar, ja, kanskje kan vi kallast overforbrukarar.
Vi kjøper, bruker og kastar. I følgje Klima og miljødepartementet kasta kvar person i Noreg i gjennomstnitt 84,7 kg mat i året. Det blir til saman 450 000 tonn mat. (https://www.mattilsynet.no/mat-og-drikke/forbrukere/hva-kaster-vi-i-matavfallet-og-hvorfor-kaster-vi-mat). Det er skremande høge tal.
Vi kunne halda fram med andre varer. I ein artikkel på NRK får januar 2024 kan i lesa at vi kastar 49 000 tonn klede i Noreg i året. I eit forskningsprosjekt Wasted textiles har 3078 kg klede frå restavfallet blitt undersøkte. 65% av desse kunne blitt brukte om igjen. Om vi går gjennom vår eigne klesskap, vil nok dei fleste av oss oppdaga at her er det meir enn vi treng. Mange av oss er også storforbrukarar av klede.
Og slik kunne vi halda fram å snakka om hyppig bytte av mobiltelefonar til ein nyare modell, eller ny sofa fordi vi er lei den gamle, ikkje fordi den er utsliten. Samfunnet vårt er i stor grad bygd rundt ønskjet om økonomisk vekst og utvikling. Og for at økonomisk vekst skal skje, må forbruket aukast. Auka produksjon av varer, fører til auka belastning på natur og miljø. Eg er ingen økonom, og dette er heilt sikkert kompliserte greier, men om vi skal ha ei berekraftig utvikling, må forbruket vårt ned.
Korleis kan vi som forbrukarar byrja å tenkja annleis? Kanskje skal vi gå over frå å tenkja på oss sjølve som forbrukarar til å tenkja på oss som forvaltarar. Eg likar ordet forvaltar. Det fortel oss at vi tek vare på noko som ikkje berre er vårt. Det gjev oss ansvar. Vi kan ikkje berre snakka om andre som har skuld i alt som går på skakke på jorda. Vi har også eit ansvar.
I skapingsforteljinga i Bibelen vert menneske gitt i oppdrag å veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under oss. Det har vi i høgste grad gjort. Men på vegen har vi øydelagt så mykje. Anten ein trur på ein skapar eller ikkje, trur eg dei fleste menneske vil vera samde om at ingen andre skapningar kan stillast til ansvar for øydelegging av naturområde, for klimagassutslepp, eller for utrydding av dyreartar. Vi menneske er i ei særstilling på godt og vondt. Vi er ikkje berre forbrukarar, konsumentar, som dyra i naturen. Vi er også forvaltarar.
Jorda er ikkje berre vår. Den tilhøyrer også dei som bur i andre land og på andre kontinent og den tilhøyrer komande generasjonar. Korleis forvaltar eg det eg har fått ansvar for å forvalte, livet mitt, pengane mine, alt eg eig og naturen rundt oss. Å snakka om dette er som å kasta stein i glashus. Eg er ikkje betre enn andre. Men kanskje må vi allikevel byrja å snakka om det, for å endra tankar og praksis over tid.
Kva vil komande generasjonar seia om forbruket mitt og mi forvaltning av min vesle plass her på jorda? Eg har ingen enkle svar, men om eg kunne klart å redusera forbruket mitt noko, så trur eg det er ei lite skritt i rett retning mot å bli ein betre forvaltar.