Det siste året har eg ofte lagt merke til fuglesong utanfor vindauga når eg vaknar om morgonen. Er det fleire fuglar nå enn før? Eg trur eigentleg ikkje det. Kvifor høyrer eg då meir fuglesong? Kan de ha noko med meg som lyttar? Kanskje har eg hatt det for travelt til å høyre etter, eller kan hende har eg ikkje latt det bli så stille rundt meg at eg kunne høyra fuglesongen – eller kanskje har eg berre hatt fokuset ein heilt annan plass.

Då barna var små og dei ikkje høyrde etter kva me sa, kunne me ofte seia: Dei høyrer det dei vil høyra. Kanskje er det slik med oss vaksne også.

 Tidlegare i sommar hadde eg ei oppleving av akkurat dette. Det var ein vakker sommardag ute i blomsteråkeren og det yra av insekt. Sjølv om insekta er små, så er dei ikkje stille. Det var så fantastisk både å sjå og høyra, så eg ville prøva å foreviga det. Eg tok ein liten videosnutt som eg tenkte å dela på sosiale media. Men då eg skulle høyra og sjå gjennom videoen etterpå, oppdaga eg noko anna; i bakgrunnen, bak lyden av insektsurr, var det ein meir og mindre konstanst lyd av bilar som køyrde forbi. Mobilen min sorterte ikkje ut lydar, slik hjernen min hadde gjort. Eg hadde berre høyrt lyden avinsekta – det var det som var fokuset mitt akkurat då.  Trafikkstøyen hadde eg overhøyrt.

Slik er det også med synet vårt, me kan velja kva me fokuserer på, og me kan oversjå noko. Medan eg har site her og skrive held sola på om koma opp. Fuglane har også byrja å syngja. Eg går opp på loftet for å sjå på dagens soloppgang. Der er utsikta betre enn her nede. Når eg ser ut av soveromsvindauga ser eg ei blokk – med butikk i første etasje og leiligheter over. Det er ikkje ein vakker bygning. I bakgrunnen ser eg Njåfjellet og sola som sender strålene sine opp bak fjellet og fargar himmelen gul og rosa. Kva fokuserer eg då på? Eg kan velja å nyta den vakre soloppgangen, eller eg kan irritera meg over bygningen som sperrar for noko av utsikten.  

Slik trur eg det er i livet elles også, me kan velja kvar me vil ha fokuset. Vil me fokusera på det gode og vakre i livet, eller vil me helst henga oss opp i det som ikkje er slik me skulle ønska det var. Eg seier ikkje med dette av me skal oversjå vår eiga eller andre si sorg eller smerte. Å fortrengja alt som er vondt og vanskeleg, fungerer ikkje bra i det lange løp. Men eg trur det går an å gjera begge deler. Det går an å vera ærlege om livet på godt og vondt, og samstundes øva oss på å oppdaga det gode og vakre rundt oss, i naturen og i menneska me møter. Nokre dagar er det lettare å gjera det enn andre dagar. Men kanskje kan nokre tunge dagar bli litt lettare om me klarer å høyra fuglesong midt i traffikkstøyen eller sjå ein vakker soloppgang bak ei ikkje fullt så vakker blokk.