Blomar til bryllaup

Blomar til bryllaup

Med sesongens blomar dyrka her på garden lagar vi brurebukettar, knappholsblomar og bukettar til brurejenter og forlovarar. Du kan også kjøpa bøtter med blomar eller bestilla blomar ferdige i vasar til å pynta festlokalet med.

Vel du blomar frå Anda blomstergard til bryllaupet får du reine, naturlege og vakre blomar. Utvalet av blomar vil variere med sesongen og med veret.

I forkant av bryllaupet har vi ein samtale for å finne ut kva nettopp du ønskjer deg av fargar, fasong og stil, og evt. om det er nokon blomar du gjerne ønskjer skal vera med i buketten.

Du kan også få ei vandring i blomsteråkeren ei veke eller to før bryllaupet, så vi saman kan sjå litt meir på aktuelle blomar til buketten eller bordpynten.

Vi leverer bryllaupsblomar frå mai til september.

Ta kontakt med Randi på mobil 97197462 eller send ein e-post til post@anda-andel.no om du er interessert i blomar til bryllaup.

Prisar sesongen 2026:

Brurebukett: Frå kr 2750,-

Knappholsblom: Kr 300,-

Vandring i blomsteråkeren: Kr 300,-

Bukett til brurejente/forlovar: Frå kr 400,-

Blomsterbøtte (ca 70 stelkar): Kr 1500,-

Kr 1300,- ved kjøp av fire eller fleire bøtter

Foto: Merete Ravndal

Foto: Merete Ravndal

Foto: Ragnhild Fuglestad og Amalie Viste