Nå er det vår. I går var eg ute mykje av dagen, rydda opp etter fjorårets sesong, klipte ned visne stauder, reiv opp visne sommarblomar, samla det i trillebåra, kjørte det vekk og tippa det i kompostbingen. Det var glimt av sol, så eg kjende sola varme. Eg kjende på jorda om ho snart er tørr nok til å koma i gang med våronna på garden. Det var ikkje så verst, men eg trur me må venta ei stund til.

Å vera blomsterbonde og andelsbonde handlar mellom anna om å bruka sansane. Når eg skal så inne på våren, kjenner eg også på jorda om ho er passe våt eller ikkje. Når plantene spirer ser eg og kjenner på jorda om dei små plantene treng vatn.

Utover i sesongen ser eg på blomane om dei er klare til å plukkast og om blomkålen er klar til å haustast. Eg ser på og set saman fargar og former i ein bukett, og eg luktar på blomane og eg høyrer og ser på insekta som flyg frå blom til blom.

I det siste har eg mista luktesansen. Eg håpar han snart kjem tilbake. Tapet av ein sans har fått meg til å reflektera litt rundt det med sansar.

Sansane er gitt for å beskytta oss og som hjelp til å orientera oss og koma oss fram her i verda.

Når me er ute og køyrer, både ser og høyrer me kva som skjer rundt oss for å unngå kollisjonar. Når me er ute og går eller syklar gjer me det same.

Når me skal sjekka om melka har blitt sur, så kan me smaka på ho, og når me skal finna ut om noko mat har blitt bederva, kan me både lukta og sjå på han.

Viss me svir maten, så luktar me det, og om noko tek fyr ein plass, kjenner me røykelukt.

Me kunne ha halde fram med å ramsa opp eksempel på korleis sansane hjelper oss rundt i verda og beskyttar oss, men vi stoppar her. Eg trur at sansane er gitt oss også av ein annan grunn, ikkje berre for å beskytta oss; dei er gitt oss for å skapa glede og nyting.

Ein god klem frå nokon du er glad, gjer godt. Det same gjer ein vakker soloppgang eller solnedgang.

Lukt, syn og smak gjer maten og måltidet til noko meir enn berre å få i seg nok næringsstoff for dagen som ligg framfor. Lukta av god mat kan skapa forventingar til eit godt måltid. Og når vi set oss ned ved bordet og luktar, smakar og ser, kan det gi stor nyting og glede.

Eller kva med å vakna til fuglesong ein morgon. Det gjer noko med dagen. Eller å lytta til musikk, den kan få fram alle slag kjensler i oss.

Som blomsterbonde, kan eg heller ikkje la vera å nemna alle dei vakre blomane eg dyrkar. Dei gir både meg og andre stor glede å sjå på dei. Men ikkje berre er dei vakre. Mange av dei luktar også godt. Å gå ute og kjenna lukta av liljekonvall, roser eller erteblomar, kan også gjera dagen min god.

Eg er så takknemleg for sansane eg har fått, og håpar snart eg får tilbake den eg manglar. I mellomtida får eg berre nytta og nyta alle dei andre sansane ennå betre til å sjå, kjenne, høyra, smaka til å oppleva og nyta det gode og vakre rundt meg.